– Brun Bygg AS leverte eit bra tilbod, ikkje berre med tanke på pris, men dei kunne også vise til gjennomgåande høg kvalitet i prosjekter dei har vore med på tidlegare. Vi er svært glade for å inngå kontrakt med ein lokal entreprenør, seier Grete Kongshaug, plan- og prosessleiar for utbygginga av Gjende i Statens vegvesen i ei pressemelding.

I fyrste etappe skal det leggjast betre til rette for Gjendebåten med ny brygge. Parkeringa på Gjendeosen vil bli flytta til utvida parkeringsplass på Reinsvangen. Den store parkeringsflata ved Gjendevatnet vil då bli attendeført til natur.

– Turistane sitt møte med norsk natur betyr mykje for Noreg sitt omdømme som reiselivsnasjon. Målet er difor å ruste opp ein av dei mest besøkte fjellportalane i landet for å møte turistane sine krav og forventningar til Noreg som eit moderne og attraktiv reisemål, seier Kongshaug.

Utbygginga er delt i tre etappar og planlagt anleggstart er hausten 2017. Målet er at heile anlegget skal stå klart innan 2023.

Brun Bygg AS skal skrive under kontrakten hjå Statens vegvesen, Turistvegseksjonen i dag onsdag kl. 10.00.