Det er Jon Bjørkheim på Lalm som seier dette. Eit utsegn ordførar Iselin Jonassen seier seg samd i.

Ventar på klarsignal

På grunn av nytt aktsamheitskart for ras, er det i dag fire tomter i den øvre delen av bustadfeltet som ikkje er godkjent for utbygging.

– Vi ynskjer utvikling og har ikkje råd til å la tomtene stå ubygde, seier Iselin Jonassen.

Ho fortel at Vågå kommune nå vil betale sjølv for å få «friskmeldt» desse tomtene, og er i dialog med Norges Geotekniske Institutt (NGI) for å utføre arbeidet. Dette er ein underleverandør som Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har godkjent. NVE vil sjølve ikkje klare å utføre dette før ut i 2018.

Ordføraren seier at det både hastar og er viktig å få utført dette nå.

– Folk vil etablere seg på Lalm og vi har to som ventar på klarsignal for å byggje, seier Jonassen.

– Dersom vi skal satse på å få yngre til å etablere seg, må vi ha tomter å tilby. Dette er også viktig med tanke på å få folk til å busetje seg her og starte med næring, seier Jon Bjørkheim.

Byggjeklare

Det private næringslivet og kommunen går nå saman for å skape vekst på Lalm.

Måndag 25. september blir det idédugnad for næringsaktørar på Lalm.

Jon Bjørkheim har kjøpt og sett opp ein brakkerigg med 23 kontorplassar. Han fortel at nokre kontor alt er utleigde, men han har plass til fleire.

Vågå kommune har bygd ein ny industrihall som nå står ferdig.

– Vi har mål om å skape eit miljø, ta imot nye gründerar og eksisterande bedrifter som vil vekse, seier Jonassen.

Arealet på Kolbotten industriområde er dyrt å byggje på, på grunn av myrjord.

Bjørkeim ynskjer at kommunen tek grunnarbeidet for å ha byggjeklare tomter å tilby.

– Da vil det bli enklare for bedrifter å satse på bygging av næringsbygg, seier han.

Bjørkheim ser for seg å bruke masse frå Nedre Otta til dette.

– Vil kommunen gjere slik grunnarbeid?

– Vi vil ha byggjeklare tomter. Da har vi eit fortrinn framfor andre. Kommunen er prisgjeve bedrifter som vil satse, seier ordførar Jonassen.