Namn: Hans Kjems SchöpflinAlder: 14 årKlasse: 10. klasse på Lom ungdomsskuleBustad: BøverdalenForbilde: Robert LewandowskiHobby: MatlagingSer fram til: Haustferien, for da skal han til Danmark og besøke familien sin som han har der

Kva er mest spennande med Lom?– At vi har så flott natur, og at det bur ulike folk her frå mange land. Når det gjeld naturen kunne eg sikkert vore flinkare til å bruke den. Men eg går turar i fjellet ein og annan gong.

Kva manglar Lom?– Ein elektrobutikk. Hadde vi hatt det, hadde vi ikkje trengt å reise til Skjåk eller Vågå om vi til dømes skulle hatt ny mobiltelefon.

Kva brukar du mest tid på?– Sjå på tv. Eg ser ein del på underhaldningsprogram og matlagingsprogram. Eg er svært interessert i matlaging og likar å sjå på dei mange matkonkurransene som går om kveldane. Eg lagar ofte middag heime. Særleg i helgene. Da står ofte eg for middagen i heimen.

Frå kva alder definerast ein person som «gamal»?– Når ein er over 60 år. Da tek ein til å få grått hår, og er snart pensjonist. Da er ein gamal, tykkjer eg.

Kva vil du bli?– Eg vil bli kokk, for eg har heile tida likt å lage mat. Denne interessa har eg hatt sidan eg var liten. Eg har vore med og hjelpt til på kjøkenet heime sidan eg var 3-4 år gamal. Når eg er ferdig på ungdomsskulen tek eg nok til på Otta eller Lillehammer for å utdanne meg til kokk.

Kva er det beste med å vera ung?– Å sleppe å betale skatt.

Kva er det verste med å vera ung?– Eg tykkjer det er berre fint å vera ung, og kjem ikkje på noko ulempar.

Kva er du redd?– Ikkje høgdar og ikkje edderkoppar. Nei, eg trur faktisk ikkje eg er redd noko som helst.

Kva engasjerer deg?– Fotball. Bayern München er det beste laget. Eg ser mykje på fotball, men spelar ikkje fotball.

Kva må til for at unge skal lese meir papiravis?– Det må stå litt meir i dei som engasjerer oss unge. Det gjeld ting og folk vi er opptekne av.

Blir du verande i Lom?– Nei, det er ikkje sikkert. Eller, forresten... Eg kjem nok att om eg flytter frå Lom. Eg får sjå kva tida bringer. Alt kjem an på kvar eg får jobb. Uansett trur eg nok at eg kjem attende til Lom når eg blir eldre.

Kva er favorittappen på mobiltelefonen din?– Snapchat. Eg har rundt 100 personar eg fylgjer, og sender og får snap kvar dag.

Kva gjer deg trist?– Når nokon i familien min går bort.

Om du fekk vera ordførar i Lom ei veke, kva ville du gjere da?– Innføre gratis mat i skulekantina, slik dei har gjort i Skjåk. I kantina vår har vi varmmat éin eller to dagar i veka, som vi må betale for. Men i Skjåk har dei forsyne meg gratis varmmat kvar einaste dag. Eg er litt misunneleg på det, og tykkjer ordføraren har ein jobb å gjera her.

Heilt ærleg, kva tykkjer du om Lom?– At det er ein utruleg fin plass.

Korleis er dagens ungdom samanlikna med ungdomstida til foreldra dine?– Dei var meir frie før. Frie til å gjere pøbelstrekar og slik. Det er det for lite av nå, tykkjer eg. Nå skal alle vera så snille.

Kva er din største draum?– Draumen er å opne ein restaurant i ein norsk by som kjem i Michelin-guiden.

Kva vil du helst unngå å prate om?– Eg veit ikkje.

Kor ofte sjekkar du mobiltelefonen?– Ofte. Mange gongar om dagen.

Tre ord om deg sjølv?– Snill, samarbeidsviljug og matglad.

Kva tykkjer du om skjåkværar og vagværar?– At det er spesielle folk.

Kva er det viktigaste i livet?– Å stifte familie, og ha det fint saman med dei ein bur saman med.

«Ung i Ottadalen» er ei spalte vi har i Fjuken eit par gongar i månaden, der vi intervjuar ei jente eller ein gut i ungdomsskulealder. Har du forslag til «Ung»-kandidat? Ta kontakt med journalist Tom Erik Solstad.