Statens vegvesen har produsert ein film om Nasjonal turistveg Sognefjellet.

Statens vegvesen skriv i ei pressemelding at føremålet med filmen er å freiste til opplevingar både langs Sognefjellet og andre nasjonale turistvegar.

Filmen vender seg fyrst og fremst til dei som ynskjer ein aktiv ferie i flott natur. Særleg til Europa og USA, men også Asia, som er en stadig større marknad for norsk reiseliv.

Ein film om Nasjonale turistveger har lenge vore etterspurd frå fleire samarbeidspartar som Visit Norway, reiselivsdestinasjonar og Utanrikstenesta, som eit ledd i å marknadsføre Noreg nasjonalt og internasjonalt.

Statens vegvesen reklamerer med at Nasjonal turistveg Sognefjellet er ei reise med ein nærast dramaturgisk oppbygging og mange inntrykk. Frå frodig jordbruksbygd i Lom, langs mektige Jotunheimen og over Noregs høgaste fjellovergang, og ned gjennom skarpe svingar til inst i Sognefjorden.

«Å ferdes på Nasjonale turistveger er eit samspel mellom veg og natur, mellom villmark og arkitektur som gjev dei reisande mange gode opplevingar», skriv Statens vegvesen i pressemeldinga.

Statens vegvesen har produsert filmen i samarbeid med produksjonsselskapet One Big Happy Family.