– Vi har invitert dei til å halde foredrag ettersom det er så mange som har synt interesse for nettopp dette temaet. I tillegg vil vêr og klima vera viktig i den nye utstillinga vår neste år. Heldigvis svara dei ja takk til invitasjonen båe to. Dei tykte det var artig å bli invitert og sa ja med ein gong, fortel Mai Bakken, dagleg leiar ved Norsk fjellsenter.

John Smits er statsmeteorolog og har arbeidd med varsling av vêr i over 30 år. Han likar å sjå moderne vêrvarsling i eit historisk perspektiv, og krydrar gjerne med eit gamalt vêrteikn innimellom. Det vil han koma inn på i foredraget.

Ketil Isaksen er seniorforskar ved Meteorologisk institutt, og har arbeidd som klimaforskar sidan 2002. Han har si hovudinteresse mot forsking på permafrost og klima. Forskinga er mellom anna knytt til studie av jordtemperatur, permafrostutbreiing og klimautvikling i høgfjellet i Skandinavia og på Svalbard. Isaksen har vore mykje i  Jotunheimen, noko som òg vil koma fram i foredraget.