Under ein enkel, men høgtidsfull seremoni sundag, vart hagegruppa under Vågå historielag, som eig Prestgardshågein i Ullinsvin, tildelt Hagekulturprisen 2017.

– Vågå må vere stolt over å ha ein slik flott hage, sa nestleiar Odd A. Westersjø i Det Norske Hageselskap da han delte ut prisen til Unn Bostad.

Han framheva den frivijuge innsatsen til hagegruppa, som i 2012 tok initiativ til å gjenskape den kulturhistoriske prestegardshagen, i samband med markeringa av 150-årsjubileet for Edvard Munchs fødsel.

Prisen var eit grafisk trykk av kunstnar Anne Kristin Hagesæter og ein plakett.

– Prestgardshågein er ei perle og oase for både bygdafolk og turistar, sa Unn Bostad.

Ho fortalde at lokalbefolkninga har gjeve attende planter som i si tid har kome frå prestegardshagen, i arbeidet med å restaurere den gamle hagen. Bostad var glad for at heile bygda har engasjert seg i dette.

Du er vår eldsjel, sa ordførar Iselin Jonassen til Unn Bostad da ho gratulerte med prisen.

Ho kalla hagen for livsverket til ekteparet Unn og Birger Bostad.

Ordføraren framheva hagen i Ullinsvin som ein viktig sosial møteplass, og trekte fram innsatsen til alle dei friviljuge som held hagen i orden.

– Døkk held det vakkert heile sommaren, og sikrar at blomsterbeda får vatn og næring, sa Jonassen.

Ho retta og ein stor takk til Vågå historielag som eigar som gjev hagegruppa lov til å utvikle hagen.

Aud Berit Fjordheim i Hageselskapet Oppland var imponert over arbeidet som har vore lagt ned av dei friviljuge. Ho overrakte blant anna ei potte med ramslauk, noko som har stått på ynskjelista til hagegruppa.

– Ei perle for heile fylket, kalla Ivar Odnes hagen i Ullinsvin.

Han var glad for at hans siste offisielle oppdrag som fylkesvaraordførar gjekk til heimbygda, før Stortinget ventar om eitt par veker.

Tone Jorunn Tveito og Torun Torbo baud på musikalske innslag i Edvard Munch si ånd under seremonien, både i saman og kvar for seg.