Slik reklamerer arrangørane for Jotunheimen reinsdyrfestival og Rock’n Rein når dei inviterer til oktoberfest i Sjodalen og ved Gjende.

Arrangørane i Reinens Rike er Besseggen Fjellpark Besseggen, Gjendebåten, Gjendesheim turisthytte, Bessheim fjellstue og hytter, og Hindsæter.

Guida turar

Jotunheimen reinsdyrfestival startar fredag 29. september og går til 8. oktober.

Gjennom heile veka byr arrangøren på ei mengd arrangement og aktivitetar i reinens rike. Gjendebåten går kvar dag, det er stigsykling, skinnmeister Sofie Kleppe lærer barna å garve reinsdyrskinn, guida turar til reinsflokken til Vågå tamrein, sjørøvarcruise og ljosbildeføredrag med reinsgjetar og fjellfotograf Jan Stokstad. Avslutningshelga på reinsdyrfesivalen og haustferien blir eit to dagars musikk- og etegilde.

Marknad

– Vi ser fram til ein heidundrande fest med god mat, god musikk og god stemning i storteltet på Besseggen Fjellpark, seier arrangøren.

Det brakar laus fredag kveld den 6. oktober med ølfestival, irsk musikk og pølser.

På dagtid laurdag 7. oktober blir det handverks- og matmarknad for heile familien ved Sjoas breidder, med salsboder, aktivitetar for born og høve til å kjøpe seg eit smakeleg og reint måltid.

– I fjor lyfta 500 oppstemte gjestar, kjøkensjefar i storslag og musikarar i storform Rock’n Rein ved Gjende til ein fantastisk kveld. I år siktar vi enda høgare, skriv arrangøren i programmet.

Fjellminne

På kveldstid laurdag blir det servering av kortreiste godbitar for ganen og importert godlyd for øyra i oppvarma stortelt.

– Få med deg stemninga, smakane, tonane og omgjevnadane som gjer denne opplevinga til eit fjellminne å leve lenge på, skriv arrangøren.

Etegildet byr på heilgrilla reinsdyr og irske Belfast Lads spelar opp til kveldens musikalske finale; showet «Av full hals - allsang på grensen».

– Dette vil lyfte taket på teltet og snu haustfjellet på hovudet, lovar arrangøren.

For at folk skal koma seg trygt til og frå haustfesten i fjellet, blir det sett opp bussar til Vågåmo og Beitostølen.

Bjørn Ekerbakke og reinen Iver byr på gode smakar frå fjellet. Foto: ARVE DANIELSEN/ARKIV
Sofie Kleppe lærer barna å garve reinsdyrskinn og fleire ting under barnecampen. Her frå Reinsdyrfestivalen i fjor. Foto: ARVE DANIELSEN/ARKIV
Reingjetarane i Vågå tamrein tek med folk inn til reinflokken. Foto: ARVE DANIELSEN/ARKIV