Det vart eit spennande oppgjer mellom Dombås og Vågå sundag. Ved pause stod det 0-0.

I andre omgang gjekk heimelaget i leiina med to mål. Men vagværane gav ikkje opp.

Trond Einstulen gav ny spenning i kampen da han scora på straffe. Like etter la Martin Aabakken på til 2-2.

Dombås gjekk opp til 3-2, før Trond Einstulen utlikna på ny straffe for Vågå.

Da det stod att fem minutt av kampen fekk Vågå ny straffe, der Einstulen scora på returen.

Dermed kunne Vågå reise heim att med 3-4 siger i bagasjen.

– Ein jamn og spennande kamp, kunne Heidi Strømstad melde om frå sidelina på Dombås.

Vågå har heimekamp mot Fron laurdag 23. september. Det blir siste heimekamp på Halland for sesongen. Siste kamp er borte mot Heidal laurdag 30. september.

Vågå toppar tabellen i 6. Divisjon, med Heidal på andreplass.