Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på våre nettsider.

Denne vekas jubilant er Jakob Brenna frå Lom som fyller 10 år den 17. september.  Han kan vente seg ei pakke frå Fjuken i posten ein av dei fyrste dagane.

Jakob vart gratulert i avisa av Sofie, Torhild, mamma og pappa. Dei håpar Jakob får ein fin dag.

Gratulerer med dagen, Jakob!