I samband med gravferda til Kristian Gården, bestemte familien at dei ønskte pengegåver, i staden for blomar, som skal gå til rekrutteringsarbeidet i Vågå spel- og dansarlag.

– Dette var ein svært hyggeleg gest, og vi fekk inn rundt 30.000 i gåvemidlar, seier leiar Hilde Reitan.

– Det er viktig for oss at desse midlane blir brukt som familien ynskjer, og vi har vedteke å opprette eit fond som vi kallar Kristian Gården minnefond. Det skal brukast til stipend for unge, lovande felespelarar. Det er styret som vel ut kandidatar og vedtek kven som skal få stipendet, seier Reitan.

I tillegg har spel- og dansarlaget løyvd tilsvarande beløp som skal gå til andre unge og lovande folkemusikkutøvarar innan dans, song eller andre instrument.

– På den måten får vi ivareteke heile bredda innan folkemusikken og folkedansen, seier ho.

Spel- og dansarlaget vil ut over hausten starte opp fleire kurs i felespel, dans og song.

Det blir nybyrjarkurs i fele for barn frå 2. klasse, barnedans for barn frå 1. til 7. klasse, kurs i toradar for vaksne og barn over 10 år, kurs i vokal folkemusikk.

Viser og vers med Tone Jorunn Tveito held fram og det blir dans for alle på Vågå Hotel måndagane 30. oktober, 13. og 27. november.