For mange lag er Lomsturneringa ei flott avslutning på årets fotballsesong. Og det er ei populær turnering. I fjor var det rekord med 215 deltakarar.

Primus motor Olav Gudbrand Øyen fortel at fotballgruppa i Lom idrettslag i år sette ei grense på 255 deltakarar. Men interessa for å delta på turneringa var så stor at dei opna for fleire deltakarar.

Da Lomsturneringa vart blåse i gang laurdag føremiddag i Grov, stod 300 unge fotballspelarar frå 39 lag klare til kamp. Det var lag frå Lom, Skjåk, Vågå, Heidal, Otta, Lesja og Lesjaskog.

Totalt vart det spela 61 kampar på åtte baner i Grov denne dagen. Det vart spela femmar-fotball, og alle lag fekk spele minst tre kampar kvar. Lom stilte med ti dommarar.

Lomsturneringa er ei gratis fotballturnering og i følgje Øyen hadde ikkje fotballgruppa klart dette utan gode lokale støttespelarar frå handelsstand og næringsliv.

– Alle spelarane og lagleiarar får nistepakke. Alle spelarane får fotball i premie. Difor er vi avhengige av gode sponsorar for å greie å gjennomføre turneringa, sa Øyen.

Han fortel at fotballgruppa får inntekt frå loddsal og sal av grillmat og kaffe. Totalt 35 friviljuge var i sving for å gjennomføre turneringa.

Finvêret gjorde at det vart ein triveleg dag med mykje idrettsglede i Grov, der spelarar og publikum kosa seg under årets fotballfest i Ottadalen.

Sjå fleire glimt frå Lomsturneringa i avisa.