Fylkesmannen i Oppland har godkjent og utvida Fossbergom sin status som typisk turiststad frå 1. april/påske til 15. oktober. Dette betyr at butikkane kan ha sundagsope frå 1. april, eller frå påske dersom påska er før 1. april,  og til 15. oktober dersom dei ynskjer det.

Dette er ei avgjerd Rolv Vegard Sandviken er glad for. Vinteren 2016 gjekk han i bresjen for at Lom kommune søkte om å få status som turiststad på heilårsbasis. Forslaget frå Sandviken var den gongen signert av over 30 næringsaktørar i sentrum, innan handel og reiseliv.

I september 2016 avslo fylkesmannen søknaden om heilårs status som turiststad. Ny søknad vart sendt frå Lom kommune i mai 2017. Da vart det søkt om å bli godkjent som turiststad i perioden 15. mars til 1. november. Per i dag har Fossbergom kunne hatt sundagsope frå 15. mai til 15. september.

Rett før helga kom vedtaket frå fylkesmannen.

Rolv Vegard Sandviken seier at det er viktig for dei å få med påska.

– Vi driv ei servicenæring. Det er mykje folk i Lom i påska, med liv og røre. Da må vi ha ope, seier Sandviken.

Han tykkjer også det er bra at perioden er utvida til midten av oktober.

– Fjellfolk forventar at Lom som ein fjellkommune og fjelldestinasjon, har sundagsopne butikkar, seier han.

Samdviken legg til at dette også vil styrke arbeidsplassane i bygda.

– Berre det er viktig i seg sjølv, seier han.

Lensmannen i Lom har uttala seg i saka og viser til at Fossbergom har hatt status som typisk turiststad i fleire år, avgrensa til høgsesongen om sommaren. Politiet har ikkje registrert problem knytt til uro av offentleg ro og orden, tjuveri eller andre straffbare forhold som kan knytast opp i mot at butikkane er opne på sundager og heilagdagar.