Det meiner Merete Byre-Haakensen, fastlege i Lom – og mor til ei dotter med tannregulering. Ho slår fast at problemstillinga gjeld mange.

For å få regulering må ein reise til Hamar eller Gjøvik.

– Det er eit tilbod på Lillehammer òg, men der er ventetida så lang at det ikkje er noko reelt alternativ. Og dessutan: Det er langt dit òg. Det verste er at ein må reise like langt kvar gong reguleringa skal strammast. Det tek berre fem minutt, men skuleungane mistar ein heil skuledag kvar einaste gong. Ei tannregulering blir stramma kvar 6. til 8. veke, og foreldre eller andre pårørande må ta seg fri frå arbeid heile dagen, med tapt arbeidstid og tapt arbeidsinntekt som følgje. Det er ein vanvittig tidsbruk, og det ei samfunnsøkonomisk sløsing, det er jo det offentlege som betalar reiseutgiftene. Det er ikkje bra for miljøet, heller – med all denne køyringa, meiner Byre-Haakensen.

Kampanjen har allereie fått stor merksemd, og det er mange som har skrive seg under.

– Kravet er at vi vil ha reguleringstannlege i Nord-Gudbrandsdalen, seier Byre-Haakensen, som vil sende underskriftene til Oppland fylkeskommune, Regionrådet i Nord-Gudbrandsdalen, Norsk tannlegeforening og Lokalmedisinsk senter i Nord-Gudbrandsdalen.

– I det minste må det kunne gå an å få ordna ein reguleringstannlege til å vera på til dømes Otta ein gong i veka, for å ta seg av strammingane. Det er ingen grunn til at vi som bur i Nord-Gudbrandsdalen skal finne oss i alt, så dette her må vi berre få orden på. Eg utfordrar lokalpolitikarane i regionen og arbeidsutvala i skulane til å gripe fatt i saka òg, avsluttar ei kamplysten og bestemt Merete Byre-Haakensen.