Vêret er det mest avgjerande for turar i høgfjellet om hausten, men det er nå framover at fargane er på det finaste.

Ved Grønvatnet i Skjåk, på grensa til Tafjord - og midt i det som gjerne blir omtala som Tafjordfjella, møtte vi to trønderske vandrarar. Dei hadde teke ei runde frå Grotli, via Danskehytta og ei runde utanom rutenettet, før dei gjekk attende til Grotli om Skrådalen og Viksvatnet.

Jesper Sjåstad Jørgensen, som til dagleg arbeider som driftsleiar i Trondhjems turistforening, og kompisen Daniel Bremnes, tykte det var spennande å besøke nye fjellområde.

Ved Grønvatnet har Skjåk almenning ei av i alt 13 hytter som folk kan leige i og ved nasjonalparkane Breheimen og Reinheimen.

– Dette er ei fin ordning, og så bra at det er ein naudnøkkel her for folk som treng å koma seg i ly, tykte Sjåstad Jørgensen.