– Bruk stemmeretten

Carra Kveum Leirflaten er éin av mange som har gjort borgarplikta si. Ho ber folk bruke stemmeretten sin.

Gjorde borgarplikta si Carra Kveum Leirflaten brukte stemmeretten sin på valdagen.Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Om ein ikkje bruker stemmeretten sin, kan ein heller ikkje klage på resultatet. Nå har eg stemt, så da har eg også grunn til å vera misnøgd om det ikkje går som eg ynskjer, smiler Carra Kveum Leirflaten.

Ho var blant dei mange innbyggjarane som var å sjå i stemmelokalet på Skjåk kommunehus om føremiddagen på valdagen, og ho fortel at ho heile tida brukar stemmeretten sin når det er val.

Carra Kveum Leirflaten oppmodar ottadølane om å stemme i løpet av ettermiddagen, om dei ikkje allereie har gjort det.

I Skjåk og i Vågå kan ein stemme fram til klokka 18.00. I Lom stenger vallokala klokka 17.00.

Valresultatet frå dei tre ottadalskommunane blir truleg klart i løpet av nokre timar etter at vallokala stenger.

Seint måndag kveld eller fyrst på dagen tysdag får vi det endelege resultatet av stortingsvalet.