– Om ein ikkje bruker stemmeretten sin, kan ein heller ikkje klage på resultatet. Nå har eg stemt, så da har eg også grunn til å vera misnøgd om det ikkje går som eg ynskjer, smiler Carra Kveum Leirflaten.

Ho var blant dei mange innbyggjarane som var å sjå i stemmelokalet på Skjåk kommunehus om føremiddagen på valdagen, og ho fortel at ho heile tida brukar stemmeretten sin når det er val.

Carra Kveum Leirflaten oppmodar ottadølane om å stemme i løpet av ettermiddagen, om dei ikkje allereie har gjort det.

I Skjåk og i Vågå kan ein stemme fram til klokka 18.00. I Lom stenger vallokala klokka 17.00.

Valresultatet frå dei tre ottadalskommunane blir truleg klart i løpet av nokre timar etter at vallokala stenger.

Seint måndag kveld eller fyrst på dagen tysdag får vi det endelege resultatet av stortingsvalet.