«Gutta på tur» frå Lom

Populære «Gutta på tur» har hatt med seg langrennskongen Petter Northug junior til Lom. Episoden blir sendt i kveld.

I kveld Turen til Galdhøpiggen blir sendt på TV2 i kveld, sundag. Her ser vi Vegard Ulvang, Bjørn Dæhlie, Arne Brimi, Arne Hjeltnes og Petter Northug.Foto: Håvard Solem/TV2

Nyheiter

Arne Hjeltnes, Arne Brimi, Bjørn Dæhlie og Vegard Ulvang hadde med seg Petter Northug til Galdhøpiggen i mai, og vi kan vente oss spektakulære fjernsynsbilde. Det vart nemleg full klaff med vêret, og delar av turen vart filma med drone.

I tillegg til fjellturen, får vi nok sjå fleire glimt frå Lom sentrum òg.