Politiet opplyser at kvinnene skulle gå frå Spiterstulen fredag, over Glittertind og ned att til Glitterheim.

Dei to kvinnene mista DNT-stien, mørkret kom – og dei vart usikre på kvar dei var. Dei varsla Glitterheim, som i sin tur varsla politiet.

– Vi har vore i kontakt med kvinnene via mobiltelefon fleire gonger. Dei hadde med seg telt og sovepose og har sove ute i natt. Det gjekk fint. Nå er det tåke og minusgrader, og dei to kvinnene tek til å bli litt kalde. Dei har lyst til å gå, men som sagt er det skodde – så vi har bede dei om å halde seg i ro, fortel operasjonsleiar Sissel Svarstad ved Innlandet politidistrikt.

Ho fortel at kvinnene har ein såpass gamal telefonmodell at det ikkje er mogleg å spore kvar dei er å finne via denne.

– Men vi trur det skal vera godt mogleg å finne dei med hjelpemannskap og hundeekvipasje, seier Svarstad.