– Kvinnene låg i teltet og venta på redningsmannskapa. Dei var båe i god behald, opplyser operasjonsleiar ved Innlandet politidistrikt.

Dei to 18-åringane frå Belgia skulle gå frå Spiterstulen fredag, over Glittertind og ned att til Glitterheim, men mista DNT-stien og var usikre på kvar dei var.

Resultatet vart at dei overnatta i telt.

Politiet opplyser at kvinnene har halde seg i teltet heile laurdag, fram til dei vart funne litt før klokka 16.00.