– I 10. klasse skal vi til Oslo på klassetur. Målet er å samle inn såpass mykje pengar vi greier å finansiere turen, seier Tor Hammerdalen og Anna Skarset, som på vegner av klassen har fått ansvar for marknadsføringa.

– Loppemarknaden skal gå føre seg i Steinfjoset 22. og 23. september, ein fredag og laurdag. Heile torsdag føreåt, og fyrst på dagen fredag, tek vi imot varer.

– Kva type varer er det ynskje om?

– Vi er interesserte i nesten alt. Unnataket er møblar, gamle fjernsyn og andre store og tunge «ting», men elles ynskjer vi oss klede, sko, leikar, bøker, sportsutstyr, ting og tang i huset, koppar og kar, eigentleg alt, svarar dei to.

Dei to ungdomsskuleelevane har eit ekstra poeng dei ynskjer å formidle: Ei opprydding i loft og kjellar gjer godt for alt og alle.

– For det fyrste handlar det om gjenbruk, at andre kan få nytte av det du sjølv ikkje har bruk for. Det handlar om økonomi, for på loppemarknad kan folk få tak i jælma billege ting. Og det handlar om miljø. Å handle på loppemarknad er noko heilt anna enn kjøp-og-kast-mentaliteten, seier Anna og Tor.