Det var ved stengetid klokka 18.00 torsdag kveld at nokon hadde sett ein person som hadde skyvd opp utgangsdøra på Vågå handelshus og gått inn i butikksenteret.

To politipatruljar kom raskt til staden og gjennomsøkte handelshuset utan å finne nokon inne i det store bygget.

Etter det Fjuken kjenner til skal ingen av dei som var på arbeid ved stengetid, merka noko spesielt eller sett nokon mistenkjeleg person.