Dyktige Dyktige damer i Lom. Frå venstre: Synnøve Byrøygard, Kari Slettom, Jarnfrid Glimsdal, Ruquio Abdulahi, Marit Svestad, Bjørg Øyøygard, Astrid Nørjordet, Liv Øygard, Magnhild Teigen, Ragnhild Teigen, Ella Hoel og Betty Tesray.
(Foto: Vigdis Kroken)

Dyktige Dyktige damer i Lom. Frå venstre: Synnøve Byrøygard, Kari Slettom, Jarnfrid Glimsdal, Ruquio Abdulahi, Marit Svestad, Bjørg Øyøygard, Astrid Nørjordet, Liv Øygard, Magnhild Teigen, Ragnhild Teigen, Ella Hoel og Betty Tesray. Foto: Vigdis Kroken

– Her er det plass til fleire!

Likar du å strikke?

Ein gjeng med damer i Lom er ivrige med strikkepinnane, men dei strikkar ikkje til seg sjølve.

I 2000 vart det starta ei strikkegruppe i regi av Friviljugsentralen i Lom. Det er framleis liv i gruppa – og vel så det. I dag kallar strikkegruppa seg for «Bondingen».

Det dei strikkar, om det er huver, vottar eller anna, blir levert til Frelsesarmeen.

– Men det er høve til å ha med seg sin eigen bonding òg, seier dagleg leiar Ella Hoel.

Ho fortel at friviljugsentralen tek imot garn frå dei som har «til overs», og lovar at alt garn blir brukt og kjem til nytte.

Fjuken var innom strikkedamene sist veke. Praten gjekk, det vart servert kaffe og vaflar, det vart prata om strikkeoppskrifter om litt av kvart anna.

– Her er det plass til fleire! I tillegg til handarbeidet og det sosiale fellesskapet, vil eg seia strikkedamene òg er viktige for integreringsarbeidet i Lom kommune. Damene i «Bondingen» tek godt vare på våre nye landsmenn og hjelper dei med både strikking og anna, rosar Ella Hoel.

Meir å lese på Fjuken:
 
Blir lese nå: