Sognefjellshytta, Krossbu, Bøverton, Raubergstulen turisthytte og Jotunheimen fjellstue har søkt Lom kommune om eit tilskot på 50.000 kroner.

Gruppa tek initiativ til det dei kallar «ei moglegheitsstudie med mål om å få opna Sognefjellsvegen 1. april». Rådmannen er positiv, og slår fast at det ikkje er tvil om at vinterstengde vegar er ei utfordring i Lom. Formannskapet i Lom skal drøfte saka neste veke.