Travelt Sommarsesongen er på hell, men omvisarane i Lomskyrkja, her representert ved Hilde Granum og Wafaa Abou Assaf, har travle dagar.
(Foto: Vigdis Kroken)

Travelt Sommarsesongen er på hell, men omvisarane i Lomskyrkja, her representert ved Hilde Granum og Wafaa Abou Assaf, har travle dagar. Foto: Vigdis Kroken

Nesten 40.000 besøkjande

Så langt i sommar, frå midten av mai til og med 3. september, har 39.027 turistar besøkt Lomskyrkja.

Da fjorårssesongen var slutt, den 24. september, hadde det vore innom 43.667 turistar.

– Det er att eit par veker av årets sesong, så eg vil tru besøkstalet vil lande temmeleg likt resultatet frå i fjor, kanskje litt under. Vi er uansett godt nøgde med sommaren, oppsummerer kyrkjeverje Borghild Skarelven.

Skarelven har lagt merke til at somme turistar tek seg god tid, spesielt dei som kjem i bussar.

– Det er ikkje slik at turistane berre spring ut av bussane, inn på do og inn i kyrkja for å studere denne – og deretter tek åt att. Somme bussar blir ståande i fleire timar. Mange turistfølgje går over brua for å eta lunsj eller middag. Det er vi glade for, for da er det andre som får positive ringverknader som eit resultat av besøkstalet i kyrkja, seier ho.

Meir å lese på Fjuken:
 
Blir lese nå: