Front mot front på riksveg 15

To bilar har kollidert på riksveg 15 på Tolstadmoen, aust for Lalm.

Ulykke To bilar har kollidert på riksveg 15, aust for Lalm. Foto: ARVE DANIELSEN

Nyheiter

Ulykka på riksveg 15 skjedde cirka 19.30 torsdag kveld.

Det er to personbilar som har kollidert front mot front.

I følgje operasjonsleiar Marianne Brun i Innlandet politidistrikt skal det ikkje vere prat om alvorlege personskader.

Det var berre sjåførane i kvar av ulykkesbilane. Den eine er frå Nord-Gudbrandsdalen, den andre er heimehøyrande på Vestlandet.

Ein av sjåførane blir køyrt til sjukehus, den andre til legevakt på Otta.

I følgje politiet på Twitter har den eine bilen kome over i feil køyrebane. Politiet har teke førarkortet til denne sjåføren.

Vegen er nå open.