Ved hjelp av heilt nye analysemetodar kan reiselivsnæringa kartlegge kvar turistane som besøkjer Besseggen kjem frå, og kvar dei ferdast i andre område i Oppland.

Data frå Telenors mobilnett fortel kva nasjonalitetar som går Besseggen. Gjennom juli månad utførte Telenor ei analyse på den populære fjellturen.

Av utanlandske turistar var det flest svenskar på Besseggen 2. juli. Av topp ti av nasjonalitetar var 27 prosent frå Sverige, 19 prosent frå Danmark, 17 prosent frå Tyskland, 11 prosent frå Nederland. Statistikken viser at det var jamt fordelt med 3, 4 og 5 prosent mellom nasjonalitetane Storbritania, USA, Polen, Belgia, Tsjekkia og Sveits. To prosent var frå Litauen.

– Ved å sjå på talet av utanlandske SIM-kort i nettet og korleis dei rører seg, kan vi planlegge tryggleik og beredskap, informasjonsarbeid og marknadsføring av turistmåla våre, seier Ove Fredheim, leiar for Telenor Bedrift i ei pressemelding.

Telenor har utvikla ei ny metode som sikkert hentar ut anonymiserte data frå mobilnettet som kan brukast til betre samfunnsplanlegging.

– Stordata frå mobilnettet kan gje fleire sektorar verdifull innsikt om analyse om reisemønstre som aldri tidlegare har vore mogleg. Vi kan bruka dataene for å gjere opplevinga av byar, stader og natur betre for dei stadig fleire turistane som besøkjer Noreg, seier Fredheim.

Trafikkdata gjev grunnlag for blant anna studiar av transport og reiser i Noreg, og Telenor har etablert eit samarbeid med Transportøkonomisk Institutt.