- Kniven er frå om lag 500 år etter Kristus, altså jarnalderen. Eit fantastisk artig og spennande funn, seier Mai Bakken, dagleg leiar i Norsk fjellsenter.

Ho fortel at arkelologane var på Lauvhøe førre veke. Der fann dei fleire pilar, somme av dei i svært god stand og med intakte pilspissar og styrefjører.

Arkeologane skal etter planen avslutte leitinga og koma ned att frå fjellet i morgon, onsdag.