Fjuken har fått fleire spørsmål om kva som eigentleg har skjedd – og om det er trygt å vera pasient på Skjåkheimen og ute på bygda.

Ordførar Elias Sperstad seier at alle i Skjåk skal kjenne seg trygge på at alt blir gjort for at rutinane med medisinhandtering blir fylgt hundre prosent.

– Det skal vera trygt og godt for alle å bu i Skjåk, og eg kan forsikre at alt blir gjort for å unngå at det skjer noko ureglementert. Det er vanskeleg for meg å seia meir om dette så lenge saka er under politietterforsking. Vi må vente og sjå kva politiet kjem fram til - om det som har skjedd er eit uhell eller noko kriminelt -  og så får vi ta det frå der. Eg vil gjerne påpeike at rutinane etter ei hending som dette truleg aldri har vore så skjerpa som det dei er akkurat nå, seier han.

Politiet har ikkje noko nytt å melde i saka. Avhøyra av dei tilsette pågår framleis, og vil truleg halde fram eit par veker til. Politiet har ingen mistenkte. På spørsmål om omfanget, får vi til svar at det er «betydeleg», utan at det blir ytterlegare konkretisert.

Saka vart politimeldt 2. august.