Ein dag fylt med spenning for både små og store – for elevar, lærarar og føresette. Måndag var fyrste skuledag, og særleg for fyrsteklassingane er denne dagen ekstra spennande.

Ottadalen har i år i alt 80 fyrsteklassingar, fordelt på fem skular.

Ved dei to barneskulane i Skjåk; Nordberg skule og Marlo skule, er årets fyrsteklasseelevar historiske. På desse to skulane er nemleg fyrsteklassingane det siste kullet med fyrsteklassingar. Hausten 2018 blir den nye 1-10 skulen i Bismo teken i bruk.

Tradisjonen tru har Fjuken vore rundt og fotografert barneskulane sine yngste elevar, og alle bilda kan du sjå i vekas papiravis.

Dei 80 fyrsteklassingane i Ottadalen er fordelt slik på dei fem skulane:

Nordberg skule: 12 elevar

Marlo skule: 7 elevar

Loar skule: 18 elevar

Vågåmo skule: 34 elevar

Lalm skule: 9 elevar