Sundag var mange jegerar på plass i fjellet da startskotet gjekk for årets reinsjakt.

I bakhovudet til mange jegerar, jaktoppsyn og i villreinnemnda ligg tanken på Chronic Wasting Disease (CWD) – skrantesjuke hjå villrein.

Det var i 2016 at Veterinærinstituttet påviste skrantesjuke hjå villrein i Nordfjella og elg i Selbu. Dette var fyrste gong skrantesjuke var påvist utanfor Nord-Amerika og Sør-Korea, og aller fyrste gong det er påvist hjå reinsdyr. I Nord-Amerika har sjukdommen eksistert i fleire tiår. Sjukdommen liknar på skrapesjuke hjå sau og kugalskap (BSE) hjå storfe.

Per i dag er det oppdaga seks tilfelle av skrantesjuke på hjortevilt i Noreg. Fire av dei er på villrein i Nordfjella. Det er derfor bestemt at ein skal skyte ned denne villreinstamma.

Fredag kveld inviterte Villreinnemnda for Reinheimen og Breheimen til informasjonsmøte om skrantesjuke hjå villrein på Norsk Fjellsenter i Lom.

Her held Bjørnar Ytrehus frå Norsk institutt for naturforsking føredrag om kva ein veit om sjukdommen og kva ein kan gjere for å stoppe den. Ytrehus er spesialist innan vilthelse og er ein av dei som kan mest om skrantesjuke her i landet.

Leiar i Villreinnemnda for Reinheimen og Breheimen, Johan Berge, sa at dei nå følgjer ekstra godt med, med tanke på kva som har skjedd i Nordfjella og utviklinga der.

Alle jaktoppsyn i Reinheimen og Breheimen har fått utdelt tre prøvesett, der ein skal ta hjerneprøve av rein som er felt under jakta, og som skal sendast inn til Veterinærinstituttet for analysering. Totalt vil det bli teke prøver av 50-60 villrein under årets jakt som skal sendast inn.