Amulanse, politi og Luftambulansen er på veg til ei paragliderulykke ved Vole i Vågå. Vole er startpunktet for paraglider og hangglider.

Ulykka skjedde ved 16-tida.

I følgje operasjonsleiar ved Innlandet politidistrikt er paragliderpiloten bevisst, men ligg vanskeleg til i terrenget.

Luftambulansen skal freiste å lyfte ut piloten. Skadeomfanget er ikkje kjent.