– Lokalhistorisk er det svært interessant at nettopp denne type traktor kjem attende til Vågå. Det er kun att eit fåtall av desse «jernhestane» i landet og er verkeleg eit klenodium, sa Kåre Simenstad i Sjoa og Heidal Gammel-teknisk forening under avdukinga av den hundre år gamle traktoren.

«Jernhesten» er ein Moline Universal Tractor modell D frå 1917 som vart kjøpt inn og brukt på garden Søre Holbø i Sjårdalen i Vågå.

Denne var i bruk til ut på 1950-talet. Traktoren vart seld og hamna truleg seinare på Bø i Follebu.

Moline Universal Tractor modell D var ein enkel traktor, ofte kalla motorplogen «jernhesten». Den var produsert av Moline Plough Company i USA. Importør i Noreg var Eik og Hausken i Stavanger.

Kåre Simenstad fortalde at det var stor interesse da den vart demonstrert som jordbruksmaskin.

I reklama stod det: «Maskindrift er tidens løsen i landbruket».

«Jernhesten» avløyste naturhesten og kunne arbeide dag og natt utan kvile. Den var sterk og smidig, og kunne lett dra plog, harv og slåmaskin. Vidare vart det reklamert med elektrisk start, og ljosutstyr som på den finaste automobil.

– Søre Holbø er med dette med på å skrive maskinteknisk historie og det hadde vore artig om «jernhesten» kunne finne seg tilrette att i Vågåbygda. Det finst folk som hugsar denne arbeidsmaskina i bruk og det er mange historier som burde har vore skrive ned, sa Simenstad.

Under Traktorrock kan ein nå kjøpe andel i den gamle traktoren, for å sikre at den kjem attende til bygda.

Gardbrukaren på Søre Holbø, Thor Holbø, var med på avdukinga av traktoren.

Det var Signe Skålsveen som fekk æra av å opne Traktorrock med kulokk og hulling.