Det er eit tettpakka program arrangøren Kvinner i landbruket byr på under årets Traktorrock.

Det blir bondsk opning og avduking av 100 år gamal traktor. Gina Ragnhild Tøfte Haugen frå arrangøren lovar ei heidundrande opning og oppfordrar folk til å koma når matklokka slår.

– Eit historisk augneblink ein ikkje kan gå glipp av. Her blir det kulokk og dans, avduking og historia kring vågås fyrste traktor som har vendt heim til Traktorrock, seier ho.

Marknad og konkurransar

Inspirert av fjernsynsserien Farmen, blir det Farmen marknad på plenen framfor kommunehuset. Tema er tradisjonsbakst og handverk. Gruppa 5Åver vil skape stemning frå scena.

Det blir barneparade gjennom sentrum der ungane ved barnehagane i bygda for høvet har laga fane til Traktorrock.

Bygdeungdomslaget Heidal/Sel/Vågå og Valdres Bygdeungdomslag vil ha motorsagoppvising og tevling, presisjonskøyring med traktor og hengar. Motorsagtevling har aldersgrense 16 år og presisjonskøyringa er for alle som har traktorlappen.

Vågå bygdaservice arrangerer bygdastafett der åtte lag skal kjempe om heider og ære. Laga skal gjennom fire etappar.

Traktorkåring

Under Traktorrock skal Gudbrandsdalens finaste traktor kårast. Ein jury som har bestått av verksmeistrar frå traktorleverandørane i dalen og to frå Kvinner i Landbruket, har plukka ut fem finaletraktorar som vil bli utstilt framfor Bokhandel’n kafé. Her skal publikum stemme fram vinnaren og som kan smykke seg med heideren over å vere finaste traktoren i dalen. Kriteriet er at traktorane skal vere i dagleg bruk. Juryen har lagt vekt på god teknisk stand, normal bruk i næring og utsjånad.

Dei fem finalistane er: Valtra t191 – eigar Christian Nørstegård frå Lesja, John Deere 6930 – eigar Marius Bøhle frå Skjåk, Fendt 716 – eigar Jostein Rugsveen Sveen frå Sjårdalen, Deutz Fahr 6130.4 TTV – eigar Pål Eiesar frå Skjåk, Fiat 110-90 – eigar Ola Rindhølen frå Heidal.

Stor suksess

Vinnaren skal køyre fremst i den store traktorparaden. I fjor stilte 161 traktorar i paraden.

Arrangøren håpar på like stor suksess i år og har sett seg som mål at det blir ny rekord i talet på deltakarar i paraden.

I år startar paraden på industriområdet og skal gå gjennom sentrum og ned til rundkøyringa ved Sundbrua.

– Vi er opptekne av tryggleiken. Både vi og politiet oppfordrar folk til å halde avstand til vegen der paraden går. Og sjå ekstra til ungane, seier Turid Grimsbø Snerle i Kvinner i landbruket.

Traktorparkering

På føremiddagen blir det også utstilling av traktorar frå bygda på Halland og på plassen framfor kulturhuset. Her kan folk frå bygda parkere traktorane sine. Alle som parkerer her, vil få eit ark der dei skal fylle ut informasjon om traktoren sin, slik at publikum kan sjå kva modell det er og kor stor motor traktoren har. På parkeringa ved Pizzabakaren og Power, blir det utstilling av veterantraktorar.

Traktorfest

Når traktorane er parkert for kvelden, blir det stor Traktorrockfest på Bokhandel’n og i Klubben.

I fjor var over 500 personar på traktorfesten. Til årets store fest i Mo’om, står både lokale, regionale og nasjonale band og artistar på scena. Arena for traktorrockfesten er i og utanfor Bokhandel’n der det vil bli sett opp eit stort oppvarma telt.

Årets artister er lokale 5Åver, regionale Ten-4 og nasjonale Ila Auto. I Klubben er det opna for aldersgrense 15 år, med avgrensa område for skjenking. På scena denne kvelden står to norske duoar;  Innertiar og SOMA.