Ein tolv år gamal gut har skadd foten ved Besseggen.

Luftambulansen gjorde eit forsøk på å hente ned guten, men på grunn av veret måtte helikopteret avbryte aksjonen.

Røde kors hjelpekorps vart varsla.

Siste melding frå politiet Innlandet på Twitter er at faren vil freiste å ta med guten ned mot Memurubu, inntil Røde kors er på plass.

SISTE NYTT:

Cirka 20.00 meldte politiet på Twitter at far og son var tekne vare på av Røde kors. Dei var slitne og kalde, men elles i god behald.