Den Norske Turistforening (DNT) har fått heile 50.000 nye medlemmar dei fire siste årene, og opplever stor pågang nå i høgsesongen. På det meste er det 700 personar som melder seg inn i løpet av ein dag.

– Dette er ei stadfesting på at friluftsliv er ein viktig del av både kvardag og ferie for svært mange, seier generalsekretær i DNT, Nils Øveraas i ei pressemelding.

– Noreg har sterke friluftstradisjonar, og landet vårt innbyr til bruk av ein unik og variert natur året rundt. Men medlemsveksten er også eit resultat av den store innsatsen som blir lagt ned av frivillige landet over for å skape aktivitet, vedlikehalde hyttene og merke 22.000 kilometer med stigar, seier Øveraas.

Stor trafikk i fjellet i sommar

Sommarsesongen er høgsesong for turgåing og tala på medlemmar speglar også trafikken i fjellet så langt.

– Våre foreininger merkar ein stor pågang på våre organiserte fellesturar og kurs, og vi ser ein klar trend på at folk ynsker å auke sin turkompetanse. Overnattingstala så langt ligg på same nivå som i fjor. Det er vi godt nøgde med, da fjoråret var det beste for DNT nokonsinne med ein oppgang på over 20 prosent fleire besøkjande, seier Øveraas.

Stor vekst blant barn og unge

I 2016 auka talet på barnemedlemmar i DNT med 21,2 prosent. Og der idretten merker fråfall blant ungdom, opplever DNT det stikk motsette. Ei undersøking utført av TNS-gallup på oppdrag frå DNT før sommaren, viste at heile 59 prosent i alderen 15-29 år planla å dra på fjelltur i sommer.

– Målet er å få heile Norges befolkning som medlemmer i Den Norske Turistforening. Når vi veit kor stor effekt friluftsliv har på folks livskvalitet, så er det viktigere enn nokon gong at nye grupper oppdagar gleda ved å vere ute, seier generalsekretæren.

Neste år, i 2018, kan Den Norske Turistforening feire 150 år.