Saka vart politimeldt 2. august, og politiet har etterforska saka fram til nå. Den taktiske etterforskinga, som blant anna inneber avhøyr av tilsette, pågår framleis.

– Av omsyn til etterforskinga kan vi ikkje seia meir enn dette førebels, seier etterforskingsleiar Vilde Nårstad Drugli hjå politiet i Ottadalen.

– Kan du seia noko om omfanget?

– Det kan vi ikkje kommentere nettopp av omsyn til etterforskinga, men politiet ser på saka som alvorleg, svarar Nårstad Drugli.

Hilde Reitan, som er kommunalsjef for helse og omsorg i Skjåk kommune, fortel til Fjuken at det var Skjåk kommune som melde saka til politiet.

– Vi har gode kontrollrutinar, og avviket vart derfor avdekt raskt. I tillegg til at vi melde saka til politiet, har vi òg meldt saka til fylkeslegen. Vi ser på saka som svært alvorleg, og dette er sjølvsagt ein situasjon som er forferdeleg ubehageleg for dei tilsette. Eg vil gjerne understreke at Skjåk kommune har stor tillit til alle tilsette og at ingen er skuldig i noko som helst før det motsette er bevist, seier Reitan.

Ho seier seg glad for at Skjåk kommune har gode kontrollrutinar, men seier samstundes at dei truleg vil sjå på om rutinane når det gjeld sterke narkotiske preparat kan gjerast enda betre.

Hilde Reitan fortel at alle tilsette vart orientert om saka denne veka. Ingen er mistenkt, suspendert eller permittert.

– Så lenge saka er under etterforsking kan vi ikkje seia meir førebels. Vi må vente på kva politiet kjem fram til.

Kommunalsjef Hilde Reitan fortel at gode kontrollrutinar avdekte avviket raskt. Foto: Arkiv