Klokka 16.43 fekk politiet melding om eit trafikkuhell på fylkesveg 55, mellom Sognefjellet og Lom.

Ein lastebil og bubil hadde «vore borti kvarandre» og sideruta på lastebilen vart knust.

Førar av lastebilen fekk nokre små kuttskader i ei hand.

Bubilen køyrde i retning Lom utan å stoppe.

Politiet ynskjer opplysingar om bubilen og ber folk som har sett noko om å  ringe 02800.