Vikingane er medlemar i Norske Akevitters Venner Lillehammer & Omegn.

– Tre tønner akevitt er med om bord, men vi skal ikkje drikke medan vi ror, påpeikte dei blide vikingane.

Målet med «stuntet» er rett og slett leik og moro, alt alt ikkje treng vera så alvorleg og at ein samstundes får fokus på stiftinga Mjøsen Lange og vikingskipet - og sjølvsagt, det aller viktigaste: Akevitten.

Det var meininga å starte frå Lom, men det måtte gjerast om på grunn av straum og grunntilhøve i Ottaelva. Dermed vart skipet sjøsett i småbåthamna i Vågå. Turen går nå til Garmo, der vikingane skal skifte mannskap. Deretter vil skipet returnere til Vågå, der dei 17 vikingane fyrst skal besøkje brenneriet på Sve gard og deretter eta middag på Valbjør.

I morgon, sundag, blir det ny tur på Vågåvatnet.

Spesielt skumle var det ikkje, vikingane. Dei var berre blide og imøtekomande, ikkje hadde dei våpen, heller. Somme av dei var redde for knotten, som dei meinte det måtte vera ekstra mykje av ved småbåthamna i Vågå. Og nista? Den hadde dei ikkje stole på tokt, men kjøpt på Bakeriet i Lom...