Hagekulturprisen blir tildelt for innsatsen institusjonar og friviljuge står for, i tråd med Hageselskapets formål og til glede for heile samfunnet. Hagegruppa under Vågå historielag, som eig Prestgardshågein i Ullinsvin, tok i 2012 initiativ til å gjenskapa den kulturhistoriske prestegardshagen i samband med markeringa av 150-årsjubileet for Edvard Munchs fødsel.

Hagen vart anlagt rundt 1745 av presten Johan Storm, Munchs tippoldefar. Dei siste 30 åra hadde det ikkje budd prestefolk i prestegarden og hagen var grodd att. Gjennom restaureringa ynskte Hagegruppa å gjenskapa hagen med element frå ulike periodar i hagens historie. Eit viktig mål var, slik det vart oppmoda til på 1700-tallet, at hagen skal vera til inspirasjon og læring. I praksis betyr det at hagen skal være open til ein kvar tid.

Eit smykke for bygda

For Hagegruppa er det viktig at hagen skal vera basert på friviljugheit, som sosial møteplass for hageinteresserte. Det sikrar at lokalmiljøet sluttar opp om hagen og føler eigarskap til den. Eit godt eksempel er lokalbefolkninga som har gjeve attende planter som i si tid har kome frå prestegardshagen.

– Prestgardshågein i Ullinsvin er med innsatsen frå Hagegruppa vorte eit smykke for bygda, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Restaureringa er støtta økonomisk av Sparebankstiftelsen, Riksantikvaren og private gjevarar, men hadde ikkje latt seg gjennomføre utan stor innsats av dei rundt 30 friviljuge i Hagegruppa. Utviklinga av prestegarden som kunst- og kultursenter har fått fortgang etter at hagen vart sett i stand.

Dette kjem fram i ei pressemelding frå Det norske Hageselskap onsdag morgon. Prisen blir overrekt sundag 17. september.