På ein busshaldeplass ved riksveg 15 i Lom, ikkje så langt unna Synstad, har einkvan dumpa eit lass med eternittavfall, truleg restar av eit tak.

Eternitt inneheld asbest og er dermed spesialavfall. Innånding av støv frå dette materialet kan forårsake kreft.

Å slengje det frå seg etter vegkanten er sjølvsagt ikkje lov, og Lom kommune har politimeldt saka.

Fungerande lensmann i Skjåk, Johnny Gundersen, seier til Fjuken at han håpar den eller dei som har dumpa avfallet kan varsle politiet, ta ansvar for å rydde opp og deretter levere eternitten til eit anlegg som har tillating til behandling av dette spesialavfallet.

– Dersom einkvan har sett noko, eller meiner dei veit kven som eventuelt har dumpa avfallet, vil vi setja pris på å få denne informasjonen, seier Gundersen.