Det er i tida å vandre, å gå landet på langs - eller på tvers, som Anna har valt. Likevel er det ikkje mange som legg «på-tvers-turen» gjennom Skjåk.

Drevsjø

Anna starta sør for Drevsjø i Engerdal den 22. juli, og har traska og gått etter veg og i terreng før eit etterlengta kviledøgn i Skjåk.

Blautt

Ho dokumenterer alt ho opplever, og det vil ikkje forundre oss om vi på eit eller anna medium vil kunne få del i turen etterkvart.

– Eg filmar det meste, både det som er bra og det som er dårleg, seier ho.

Det har nemleg vore litt dårleg òg - det har vore blautt.

– Eg overnatta ved Honnsjoen natt til sundag, og da vart det meste gjennomblautt. Det gav seg noko når eg kom ned i bygda, men sjølv her altså - verdas turraste plass - så regna det, skrattar ho.

Slekt

Det var difor godt å få kvile, turke upp og få seg ein dusj i Skjåk, hjå Eli Johanne Lundemo, syskenborn til Annas mor.

Ille føter

Ho har hatt etappar på opptil 30 kilometer, det kjenner ho på føtene.

– Eg har brukt Ibux-krem rett og slett for å få sova utan for store smerter, og eg har hatt eit spesielt mogonrituale for å få i gang att føtene.

Ho er likevel motivert og klar for siste del av turen.

Stryn

– Vidare frå Skjåk skal eg gå over Bråtå, gjennom Rauddalen, over Kamperhamrane og ned Sunndalen, før eg endar opp i Stryn. Meininga var at eg skulle gå heilt til Måløy der eg har slektningar, men eg må rekke skulestart, seier ho.

Student

Til hausten dreg ho til Trondheim der ho skal ta til med masteroppgåva i fysiologi ved NTNU.

Ein heil kviledag og to overnattingar i Skjåk gjer nok underverker for både kropp og sjel før dei siste etappane tek til.

– Nå skal eg ta i bruk dei to siste kartblada. Det er støtt like deilig å «gå ut av» eit kart. Totalt har åtte kart dekt turen, fortel den spreke sandnesjenta.

Anna kviler ut hjå Eli Johanne Lundemo i Bismo. Foto: Hans Erik Kjosbakken