av EILEV ROSSEHAUG

Det var mykje folk og god stemning i Ullinsvin då verdsstjerna Chris Medina tok turen til Vågå for å avslutte konsertserien Ut i vår hage fredag kveld. Publikum fekk høyre både nye låtar og coverlåtar, i tillegg til dei dei mest kjende låtane til Medina.

Medina sjølv, bandet hans og publikum var i storslag denne fredagskvelden. Mannen med den store stemma gav mykje av seg sjølv, og publikum svara med trampeklapp og jubel. Publikum var samde - dette var ei fin avslutning på Ut i vår hage.