Laget frå Lom, med jenter frå både Lom, Skjåk og Vågå, kom heilt til kvartfinalen i pulja si.

Fredag morgon møtte dei eit Gjelleråsen-lag som vart hakket kvassare og tapte 1-4. Lom tok leiinga i fyrste omgang etter ei kontring og skåring av Ingrid Sandviken.

Innsatsen til laget har ført til at mange har fylgt med på kampane i alle slags media, og det er godt gjort å koma så langt som årets  J14 har gjort.