PÅ Facebook-sida til Gjendeguiden har dei lagt ut ein status over det patrulja har gjort til nå i sommar.

Det er gjennomført 14 patruljer så langt, som oftast på dagar med dårleg vêr. Dette fordi det erfaringsmessig er da folk treng hjelp.

Gjendeguiden melder at det har vore noko å gjera på alle patruljene; søppelplukking, bistand til AMK og politi, motivere og hjelpe folk eller drive rein informasjon.

– Vi har mest sannsynlig hindra seks redningsaksjonar så langt, heiter det i stausen. Vi har bistått politiet ein gong, i tillegg til at politiet har ringt oss to gonger for å høyre om vi har vore i området. Vi har bistått AMK to ganger, i tillegg til at AMK har ringt oss to gonger for å høyre om vi har vore i området.

Elles melder patrulja at det blir plukka mellom ein kvart og ein halv berepose med søppel på kvar tur.

– Vi har trua på at dette er eit tiltak som gjer Besseggen til eit attraktivt og berekraftig reisemål også i åra som kjem! Så får vi berre håpe at det offentlige blir med på spleiselaget etterkvart, heiter det til slutt i rapporten frå Besseggenpatrulja.