Under paraplyen til ølkjeda Gulating blir Jessheim brygg- og ølutsal opna på Jessheim storsenter torsdag.

Grjotheim, som er ein av gründerane bak Lomb-ølet, fortel at ølet frå Lom blir skikkeleg marknadsført i den nye butikken.

– Mellom anna med bilde frå bryggeriet i Lia, ein skigard og ølkasser som Svein Bryn frå Lom har laga, seier Grjotheim.

Han skal ta seg av salet av Lomb-ølet frå såkalla sentrale strok heretter, og fortel at salet av det lokale brygget har gått over all forventning.

– Vi hadde eit mål om å tappe 50.000 liter i året, men innan det fyrste året er gått vil vi ha fått gjennom 70-80.000 liter. Sidan starten i november har vi tappa 56.000 liter, fortel Grjotheim.

Han kan elles rose turistbedrifter og lokale utsal for drahjelpa ølbryggjarane frå Lom har fått.

– Alle omtalar Lomb som «ølet vårt», det er noko liksom alle i Lom og Jotunheimen har ein del i og det har ein utruleg positiv effekt, seier Olav Grjotheim.