Frå tidlegare tiders bensin på fat og pumpe til dagens ladestasjon for elbilar står vegskillet ved Grotli fram som ein plass for påfyll av drivstoff til både bil og folk.

Frå bensin til straum

Nå er det rett nok vel 30 år sidan bensin- og dieselpumpene vart fjerna, men verten på Grotli hotell, Are Bergheim, tykkjer det er på sin plass at elbilistar kan «tanke» bilen på det som i dag er framtidas vis.

– Det er Grønn Kontakt som har etablert ladestasjonen som vart ferdig denne veka, fortel Bergheim. Det er i tida dette med elbilar og det er litt artig å sjå denne etableringa i eit historisk perspektiv, tykkjer han. Sevald Grotli meinte at den fyrste bilen køyrde fjellet i 1909, men fyrst på 1920-talet, da det vart ein del fleire bilar, var det fat med bensin utanfor hotellet, seinare kom det større tankar og pumpar og det vart ein BP-stasjon. Seinare vart det Norol, men da selskapet skifta namn til Statoil var det slutt, fortel han.

Behovet for å tanke drivstoff på fjellet vart mindre, vegen vart betre og bilane trengde ikkje fylle så ofte. Straum derimot må fyllast på elbilane med jamne mellomrom.

Knutepunkt

Både før og etter heilårsvegen til Stryn, gjennom Breidalen, kom på slutten av 1970-talet har Grotli vore eit knutepunkt. Vegen over Strynefjellet er Nasjonal Turistveg, sjølv om tilstanden til vegen ikkje er høveleg for dei lågaste bilane, og det er stadig mange turistar som svingar til venstre i Grotli for å køyre den. Riksveg 15, med sine mykje omtala tronge tunnelar er raskaste vegen til Stryn i dag, og Nordfjord ligg berre seks mil unna Grotli. Før tunnelane kan ein svinge ta fylkesveg 63 for å køyre «Golden Route»; svingane ned til Geiranger, opp Ørnefjellsvegen og vidare til Trollstigen.

– Vi ligg nær Vestlandet og er såleis eigentleg svært sentrale i sambandet aust-vest, seier Bergheim. Det har vi faktisk vore i over hundre år. Før var vi nok enda meir sentrale og naudsynte, med telefon, post, NAFs vegpatrulje - og bensinstasjon. Men både folk og bilar treng framleis påfyll, og det kan dei få her, smiler Are Bergheim som framleis ein og annan gong lyt hjelpe ein bensintyrst bil med ein femlitring.

Bensinstasjonen og kiosken framfor hotellet litt til høgre på bildet. Foto: Privat
Ein ung Toralv Maurstad saman med Liv Grotli framfor bensinpumpa i 1938. Foto: Privat
Hotellet og bensinstasjonen på 1950-talet. Foto: Postkort normann/utlån Anna Aaboen Bruland