– Det var liksom i fjor trafikken eksploderte, og det ser ut til å halde fram i år òg, seier verten på Leirvassbu, Ole Jacob Grindvold.

Folk kjem til turisthytta fordi dei går frå hytte til hytte, dei skal på topptur eller rett og slett berre tek seg ein biltur inn i fjellet.

– Det er også mange som kjem med bussen, og det er grunn til å skryte av busstilbodet nå, seier Grindvold. Nå kan folk koma seg på buss dit dei vil i Jotunheimen, og korrespondansen vidare til både Oslo og Bergen er god, seier han.

Omframt nordmenn kjem det også mange utlendingar til Leirvassbu, frå heile Europa, men også mange frå Canada.

– Tidlegare var det ofte føring mellom Krossbu og Leirvassbu, det er eit tilbod vi gjerne skulle sett fleire hadde nytta seg av - nå er det ikkje kvar veke at det går turar over breen mellom dei to hyttene, fortel Grindvold.

Han har inntrykk av at også dei andre turisthyttene i Jotunheimen har hatt ein god sommar.

– Det ser også bra ut for seinsommaren og hausten, seier verten på turisthytta som ligg 1.400 meter over havet - i hjertet av Jotunheimen.