Lom briljerte på TV

Lomsjentene skåra fem på åtte minutt i fyrste omgang.

På TV Jentene vart intervjua av Davy Wathne etter kampen.

Nyheiter

To mål kvar av Ingrid og Rønnaug Sandviken og eitt av Emma Mallaug var meir enn nok til å slå Vollen i gruppespelet i Norway Cup måndag.

Kampen var direkte overført på TV2, og vart kommentert av Kasper Wikestad, med Davy Wathne på sidelina.

Dessverre gjekk nesten heile andre omgang i svart - overføringa frå Ekebergsletta kutta ut, men sjåarane gjekk heldigvis ikkje glipp av fleire mål.

Jentene frå Lom imponerte, og Wikestad sa dei kom til å bli vanskeleg for andre lag å møte utover i turneringa.