To mål kvar av Ingrid og Rønnaug Sandviken og eitt av Emma Mallaug var meir enn nok til å slå Vollen i gruppespelet i Norway Cup måndag.

Kampen var direkte overført på TV2, og vart kommentert av Kasper Wikestad, med Davy Wathne på sidelina.

Dessverre gjekk nesten heile andre omgang i svart - overføringa frå Ekebergsletta kutta ut, men sjåarane gjekk heldigvis ikkje glipp av fleire mål.

Jentene frå Lom imponerte, og Wikestad sa dei kom til å bli vanskeleg for andre lag å møte utover i turneringa.