Ole Johnny Runningen og kona Grethe Vigdis har såvidt fått summa seg etter den intime festivalen på Storøya i Skjåk, men er svært tilfredse med helgas arrangement.

– Dette gjekk oppover frå i fjor, seier Runningen. Fredag var det 140, inkludert dei som budde på campingen, innom dørene og laurdag kveld kom mellom 350 og 400, fortel han.

I tillegg deltok heile 21 lag på quizen som vart arrangert på dagtid laurdag.

Arrangøren skryter av publikum.

– Vi har rett og slett eit nydeleg publikum, heilt eineståande, seier Runningen. Og det at vi hadde lokale grupper trur eg var svært positivt, legg han til.

Det var gruppene Lomsk, Skato, Ruskåt og Rustic Band som sto for musikken.

Til spørsmålet alle stiller seg; blir det festival neste år.

– Det meste avheng av kva som skjer med campingplassen vi leiger, der er det ein del uavklara ting, men eg lovar å seia frå så fort vi veit noko, seier Ole Johnny Runningen.